Saturnmånen S/2004 S 3
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oppdaging | |
---|---|
Oppdagar | Cassini-Huygens |
Oppdaga dato | 21. juni 2004 |
Baneparametrar | |
Store halvakse | ~141 000 km |
Eksentrisitet | 0,0? |
Omløpsperiode | ~0,624 d |
Banehelling | 0°? |
Er ein satellitt til | Saturn |
Fysiske eigenskapar | |
Middeldiameter | 4-5 km |
Rotasjonsperiode | sannsynleg bunden |
Aksehelling | 0° |
Albedo | 0,6? |
Atmosfære | ingen |
S/2004 S 3 er et foreløpig namn gitt til ein ubekrefta måne i bane rett utanfor f-ringen til Planeten Saturn.
Han blei oppdaga ved hjelp av bilde som romsonden Cassini tok den 21. juni 2004, og oppdaginga blei meldt frå den 9. september same år.
Astronomane har pr. 2005 enno ikkje endeleg fastslått om det faktisk er tale om ein måne, eller om det observerte objektet berre er eit lite område av F-ringen der ringpartiklane ligg særleg tett.
Kort tid etter oppdaginga av S/2004 S 4 fant ein eit annet objekt, kalt S/2004 S 4, rett innanfor f-ringen. Ein veit ikkje om, eller korleis, månar evt. kan passere ringane, så sannsynlegvis er S/2004 S 3 og S/2004 S 4 to forskjellige objekt — det kan til gjengjeld heller ikkje utelukkast at det er tale om eitt objekt, med ein bane som kryssar f-ringen.