Sør-Dakota
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||
Kallenamn: The Mount Rushmore State | |||
Hovudstad | Pierre | ||
Største by | Sioux Falls | ||
Guvernør | Mike Rounds | ||
Offisielle språk | Engelsk | ||
Storleik | 199 905 km² | ||
- Areal, land | 196 735 km² | ||
- Areal, vatn | 3 173 km² (1,6%) | ||
Folketal (2000) | 754 844 | ||
Folketettleik | 3,84 /km² | ||
Sambandsstat sidan | 2. november 1889 | ||
Forkorting | SD |
Sør-Dakota (engelsk:South Dakota) er ein delstat i USA. Hovudstaden er Pierre, men den største byen er Sioux Falls.
I Sør-Dakota ligg Mount Rushmore, fjellet der likskapen til fleire amerikanske statsmenn er hogne ut.
[endre] Historie
Sør-Dakota blei godkjend som eigen stat i ein lov vedteken den 22. februar 1889, saman med Nord-Dakota, Montana og Washington. Dei to Dakotaene blei formelt innlemma i USA av president Benjamin Harrison den 22. november same året. På grunn av mykje kiving mellom nord og sør, sørga presidenten for å stokka om papira deira slik at ein ikkje skulle finna ut kva stat som var blitt innlemma først.
[endre] Innbyggjarar
Dei første franske og andre europeiske oppdagarane i området møtte fleire innfødde folkegrupper, til dømes omahaene og arikaraene, men ved byrjinga av 1800-talet var siouxane (dakota, lakota og nakota) dei dominerande gruppene.
I dag er staten dominert av kvite, 88% definerte seg som dette i folketeljinga i 2003. Samstundes har staten den største konsentrasjonen av folk som definerer seg som urfolk i fastlands-USA, 8,3%. Heile 40,7% av innbyggjarane stammer frå tyskarar og 15,3% frå nordmenn. Dette er dei to største "avstammingsgruppene" i Sør-Dakota, med irar, indianarar og engelskmenn som følger.
[endre] Kjende personar frå Sør-Dakota
- Crazy Horse, siouxhøvding
- Ernest Lawrence, fysikar og nobelprisvinnar
- Red Cloud, siouxhøvding
- Sitting Bull, siouxhøvding
Delstatar i USA | |
---|---|
Alabama | Alaska | Arizona | Arkansas | California | Colorado | Connecticut | Delaware | Florida | Georgia | Hawaii | Idaho | Illinois | Indiana | Iowa | Kansas | Kentucky | Louisiana | Maine | Maryland | Massachusetts | Michigan | Minnesota | Mississippi | Missouri | Montana | Nebraska | Nevada | New Hampshire | New Jersey | New Mexico | New York | Nord-Carolina | Nord-Dakota | Ohio | Oklahoma | Oregon | Pennsylvania | Rhode Island | Sør-Carolina | Sør-Dakota | Tennessee | Texas | Utah | Vermont | Virginia | Washington | Vest-Virginia | Wisconsin | Wyoming | |
Territorium som ligg direkte under føderaladministrasjon: Amerikansk Samoa | Guam | Nord-Marianane | Puerto Rico | Dei amerikanske Jomfruøyane | Washington, D.C. |