Sævareidfjorden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sævareidfjorden er ein fjordarm av Bjørnafjorden i Fusa kommune i Hordaland. Fjorden strekk seg 5,5 km nord og nordaust til bygda Sævareid.
Fjorden har innløp i sør mellom Revneneset ved Revnestrand i aust og bygda Strandvik i vest. Stegleholmen og Storeholmen ligg rett utafor Strandvik. Nordover deler fjorden seg i to. Håvika går nord til garden Håvik, medan resten av fjorden går nordaustover til Sævareid. Håvikamulen på 489 moh stig rett til vêrs mellom Håvika og Sævareid.