Rochemelon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rochemelon | ||
---|---|---|
|
||
Høgd over havet | 3 538 m | |
Ligg i/på | Frankrike Italia | |
Fjellkjede | Dei graiiske Alpane | |
Primærfaktor | 283 m | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Førsteklatring | 1358 - Bonifacius Rotarius |
Rochemelon (eller Roche Melon), Rocciamelone på italiensk, er eit fjell i Dei graiiske Alpane på grensa mellom Frankrike og Italia med ei høgd på 2 538 meter. Fjellet ligg 50 km vest for Torino. Rochemelon er det første fjellet i Alpane ein veit som nokon nådde toppen av.
Bonifacius Rotarius (frå Asti) klatra til toppen av fjellet 1. september 1358 for å setje frå set eit lite metallbilete av Jomfru Maria, som takksemd for at han hadde overlevd fangenskap i Det heilage landet under Korstoga.
Toppen av Rochemelon er målet for ein tradisjonell pilgrimstur kvart år den 5. august. Ein tre meter høg statue av Jomfru Maria vart reist her i 1899.
Landegrensa mellom dei to landa følgjer i dette området ikkje nøyaktig vasskiljet, og fjelltoppen ligg heilt på den italienske sida, og det same gjer toppen av isbreen glacier de Rochemelon. Dette arealet er om lag 4 km² og utgjer det einaste italienske området som er ein del av nedslagsfeltet til Rhône.
Sidan det er lett å nå fjellet (starten av stien opp til toppen er berre ein 90 minuttars kjøretur frå Torino) og har ei stor høgd med flott utsyn, er fjellet eit av dei mest vitja i Alpane.