Robert Kirby
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Robert Kirby (fødd i 1948) er ein britisk strengarrangør og musikar innan Rock og folkemusikk. Han er mest kjend for hans bidrag på Nick Drake-albuma Five Leaves Left og Bryter Layter, men har også arbeida med Ralph McTell, Paul Weller og Elvis Costello.
[endre] Konsert til ære for Nick Drake
2. juli 2005 haldt Kirby ein konsert i Central Park, New York der han framførte 18 av Nick Drakes songar, med dei originale arrangementa. Five Leaves Left blei framført i heilheit, i tillegg til utdrag av Bryter Later og Made to Love Magic. Med seg hadde han gitaristen Josh Max og songaren Julie James frå New York-gruppa The Maxes. Konserten hadde over 3000 tilskodarar med Nick Drake-fans frå heile USA.