Rasjid Nurgalijev
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rasjid Gumarovitsj Nurgalijev (russisk Рашид Гумарович Нургалиев), fødd 8. oktober 1956 er ein russisk politikar og general-oberst. Frå 2004 er han innanriksminister i Russland.
Han vart fødd i Zjetygare (kas.: Джетыгара) i Kasakhstan og gjekk på skule i Karelia. I 1979 vart han uteksaminert frå universitetet i Petrozavodsk med ein høgare grad i økonomi. Etter å ha jobba som lærar gjekk han inn i KGB i Karelia i 1981. Karrieren hans i etterretningstenesta nådde eit høgdepunkt då han vart ein visedirektør for FSB i 2000. I 2002 vart han viseinnanriksminister, og 2. januar 2004 innanriksminister i den russiske føderasjonen. Han er gift og har to born.