Rana
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1833 |
Fylke: | Nordland |
Administrasjonssenter: | Mo i Rana |
Flatevidd: | 4 463 km² |
Folketal: | 25 092 (2008) |
Politikk | |
Ordførar (2007-2011): | Geir Waage (Ap) |
Målform: | Nøytral |
Nettstad: | www.rana.kommune.no |
Rana er ein kommune i Nordland fylke. Administrasjonssenteret er Mo. Det norrøne namnet var Radund som truleg har samanheng med adjektivet "radr" som tyder rask, snøgg.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Rana kommune er Noregs fjerde største kommune i utstrekning. I sør grensar Rana til Hemnes og Leirfjorden, i aust til Storuman kommun i Sverige, i vest til Rødøy og Nesna, og i nord til Saltdal og Beiarn. Rana er prega av store fjellområde og mange dalføre. Store deler av Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark ligg i Rana kommune. Ranelva som munnar ut ved Selfors følgjer Dunderlandsdalen nordaustover gjennom ein stor del av kommunen. I sidedalen Røvassdalen ligg fleire kjende kalksteinsgrotter. Grønligrotta og Sætergrotta er opne for publikum.
[endre] Andre vassdrag, innsjøer og fjorder
- Plura
- Tespa
- Tverråga
- Bjøllåga
- Stormdalsåga
- Røvassåga
- Virvassåga
- Langvatnet
- Kallvatnet
- Akersvatnet
- Ranfjorden
[endre] Tettstader i Rana
- Mo
- Storforshei
- Hauknes
[endre] Forstader til Mo
- Selfors
- Gruben
- Ytteren
- Båsmoen
- Mjølan
- Åga/Hauknes
[endre] Bygder og grender
- Skonseng
- Røssvoll
- Storvoll
- Dalsgrenda
- Alteren
- Villen
- Langvassgrenda
- Utskarpen
- Straumen
- Sjona
- Plurdalen
- Grønnfjelldalen
- Røvassdalen
[endre] Næringsliv
Ranasamfunnet har i lang tid vore prega av bergverksdrift og industri. Nord i kommunen, ved svenskegrensa ligg Nasa sølvgruver (nedl.). Ved Storforsheia har Dunderland Iron Ore Company (mellom 1902 og 1947) og Rana Gruber (frå 1937) drive ut malm. Denne malmen vart ein periode nytta i produksjonen til Norsk Jernverk på Mo, men blir no skipa ut. I dag har Mo industripark (MIP)tilhald i dei gamle lokala til Norsk Jernverk. Det finske firmaet Ruukki driv i dag med stålproduksjon her. Mo var frå gamalt av marknadsplass, og på 1800-talet etablerte L. A. Meyer seg som kjøpmann på Mo. I dag er Mo det største handelssentrum på Helgeland. Rana har store skogressursar og ein del landbruk.
[endre] Historie
[endre] Dialekt
Dialekten i Rana, ranværing, har både vestnorske og austnorske språktrekk. Tradisjonell ranværing har til dømes kløyvd infinitiv (austnorsk trekk). Gamle jamnvektsord har i hovudsak a-ending (å vara, å søva, å løva), medan overvektsord er apokoperte: å hiv, å skriv, å bit. Unntak er verbstammer som endar på -j: å herje, å belje, å hesje, å delje. I bymålet (dialekta på Mo og omegn) og hos ungdom fins desse dialektmerka mest ikkje lenger. Ranværing har tjukk l av norrøn rd og l. Personleg pronomen 1. person eintal er eg, nektingsadverb er ikkje eller ittje (unge menneske seier ofte ikke).
[endre] Kjende ranværingar
- Tom Sandberg
- Inger Blikra
- Ole Tobias Olsen
- Simon Slåttvik
- Inge Myrvoll
- Hans Berntsen
- Laila Stien
[endre] Eksterne lenkjer
[endre] Systerprosjekt
|