Rabén & Sjögren
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rabén och Sjögren er eit bokforlag som vart grunnlagt 1942 av Hans Rabén og Carl-Olof Sjögren. Det spesialiserar seg på å gje ut barne- og ungdomslitteratur.
Forlaget ga mellom anna ut bøker av Astrid Lindgren. Forlagets samarbeid med Lindgren byrja med at ei historie om Pippi Langstrømpe vann ei tevling forlaget hadde utlyst i barne- og ungdomslitteratur i 1944. Andre forfattarar som har vorte gitt ut av forlaget er Ove Allansson, Svante Foerster, Hans Granlid, Birger Norman, Inger Edelfeldt, Inger og Lasse Sandberg, Jostein Gaarder, Lennart Hellsing og Barbro Lindgren
Sidan 1998 inngår R & S i Norstedt och Söners forlag. Dotterselskap til R & S er Tidens förlag og Citadell