Préveza prefektur
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Preveza prefektur Νομός Πρεβέζης |
|
---|---|
|
|
Periferiar | Ipiros |
Hovudstad | Preveza |
Folketal | 59 600 (2005) Rangering 43. |
Areal | 1 036 km² Rangering 46. |
Folketettleik | 58/km² |
Demer | 8 |
Kommunar | 1 |
Postnummer | 48x xx |
Retningsnummer | 268x0 |
Bilnummer | PZ |
Heimeside | www.preveza.gr |
Preveza prefektur (gresk Πρεβεζα) er eit prefektur i Hellas i periferien Ipiros. Hovudstaden i prefekturet er Preveza.
Prefekturet vart oppretta i 1913 då resten av Ipiros vart ein del av Hellas under den første balkankrigen. Prefekturet inkluderte øya Lefkas, men i 1955 vart øya skild ut til eit eige prefektur i periferien Dei joniske øyane.
Innhaldsliste |
[endre] Demer og kommunar
Deme | YPES-kode | Sete (om forskjellig) | Postnummer |
---|---|---|---|
Anogeio | 4301 | Gorgomylos | 482 00 |
Fanari | 4308 | Kanallaki | 480 62 |
Filippiada | 4309 | 482 00 | |
Louros | 4305 | 480 61 | |
Parga | 4306 | 480 60 | |
Preveza | 4307 | 481 00 | |
Thesprotiko | 4303 | 483 00 | |
Zalongo | 4302 | Kanali | 481 00 |
Kommune | YPES-kode | Sete (om forskjellig) | Postnummer |
Kranea | 4304 | 483 00 |
[endre] Geografi
Prefekturet består av dalar og åsar i nord og ruinane av Nikopolis og Kassope. Fjellet Xerovouno ligg heilt i nordaust. Prefekturet grensar til Arta i aust, Thesprotia i nordvest og Ioannina i nordaust. I sør ligg Artabukta og i vest Det joniske havet.
[endre] Klima
Prefekturet har hovudsakleg middelhavsklima og normaltemperaturane varierer frå 28-30 ºC til 35 ºC. I høgareliggande strøk kan ein derimot få nokså kalde vintrar.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Preveza Prefecture frå Engelsk Wikipedia .