Piz Badile
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Piz Badile | ||
---|---|---|
|
||
Høgd over havet | 3 308 moh | |
Ligg i/på | Sveits og Italia | |
Fjellkjede | Bregagliafjella | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Fjelltype | Granitt | |
Førsteklatring | 27. juli 1867 |
Piz Badile er eit fjell i Bregagliafjella på grensa mellom Italia og Sveits med ei høgd på 3 308 meter over havet. Nordaustsidaveggen av fjellet vert rekna som ein av dei seks store nordsidene i Alpane.
Toppen av fjellet vart først nådd 27. juli 1867 av W. A. B. Coolidge med guidane F. og H. Dévouassoud via sørryggen.
To klassiske ruter opp Piz Badile er nordryggen og Cassin-ruta på nordaustsida. Nordryggen, Badilekante, vart først klatra solo av den sveitsiske guiden Christian Klucker i 1892. Den mest populære ruta på nordaustveggen er Cassin-ruta, kalla opp etter Riccardo Cassin, som var første til å klatre opp fjellet på denne sida. i lag med V. Ratti, G. Esposito, Mario Molteni og Giuseppe Valsecchi 14.- 16. juli 1937. Molteni og Valsecchi var alt i fjellsida då Cassin og laget hans starta, men klatrarane slo seg saman. Molteni døydde av utmatting og kulde på toppen, medan Valsecchi døydde på veg ned sørryggen, like før han nådde hytta.
Namnet Badile tyder «spade», fordi fjellet ser ut som ein spade når ein ser det frå Val Bregaglia.
[endre] Bakgrunsstoff
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Piz Badile frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
- Collomb, Robin G., Bregaglia West, Goring: West Col Productions, 1984
- Engel, Claire, Mountaineering in the Alps, London: George Allen and Unwin, 1971