Partitiv
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Partitiv er eit kasus som blir brukt til å merke objektet. Partitiv finst i finsk og i andre austersjøfinske språk, og det blir m.a. brukt i opposisjon til akkusativ, for å uttrykkje aspekt og for å uttrykkje distinksjonar tilsvarande dei vi uttrykkjer med bestemtheit i norsk.
I finsk er regelen for bruk av partitiv og akkusativ følgjande: Viss objektet viser til ei avslutta handling, skal det stå i akkusativ. I andre tilfelle skal det stå i partitiv. Dette inneber at objektet står i partitiv i tilfelle som desse:
- Join maitoa "Eg drakk mjølk" (ubestemt mengd)
- En nähnyt sinua "Eg såg ikkje deg" (nekta setning, "sjåinga vart ikkje avslutta")
- Luin kirjaa "Eg las i ei bok" (og vart ikkje ferdig, jf. Luin kirjan "Eg las (ut) boka", med akkusativ)
- Rakastan sinua "Eg elskar deg" (kontinuerleg, ikkje-avsluttande verbhandling, jf. Rakastin hänet kuoliaksi "Eg elska han/henne til døde", med akkusativ)