Oslo Plaza
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Radisson SAS Plaza Hotel (i daglegtale Oslo Plaza) er eit hotell i Oslo sentrum og er, med sine 117 meter, Nord-Europas høgste hotell og den høgaste bygningen i Noreg. Bygningen er, i likskap med nesten alle bygg i Oslo, mislikt i enkelte krinsar – onde tunger har kalla bygningen «Hotell Hoggjernet»[1]. Bygningen har imidlertid ikkje vorten ein «folkefiende», i motsetnad til Postgirobygget, trass i at den er både større og høgare.
Hotellet har 37 etasjar og 673 rom med til saman 1500 senger, 140 forretningsrom og 20 suiter. Bygget er førd opp i betong og har rasterfasader i spegelglas. Dei øvste etasjane er avfasa med bratt skråtak på ei side mot eit skarpt møne. Det har dessutan ein utenpåliggjande heis i glas som fører opp til bevertningsstad på toppen. Ei lågblokk i tre etasjar inneheld inngangsparti, lobby, restaurantar og konferansesalar.
Bygget stod ferdig i 1989, og er teikna av White arkitekter. Det blei opna den 14. mars 1990 av kong Olav V. I 1992 blei det reist ei gangbru mellom hotellet og Oslo Spektrum.