NRK Østlandssendingen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
NRK Østlandssendingen er eit regionalprogram innanfor NRK, starta i 1959. Det hadde forhistoria si i det private Kringkastselskabet A/S, som vart etablert i 1925.
Frå 1972 fekk sendinga eigen distriktskontorsjef og dekka til saman åtte fylke: Oslo, Akershus, Hedmark, Oppland, Telemark, Østfold, Vestfold og Buskerud. Seinare fekk fleire av desse fylka eigne NRK-distriktssendingar. I dag dekker Østlandssendingen berre Oslo og Akershus. Distriktskontoret har 70 tilsette.
Fram til 1996 konsentrerte redaksjonen seg berre om radiosendingar. 28. februar 1996 byrja Østlandssendingen òg med nyhendesendingar for V. Så fulgte sendingar på andre språk enn norsk, og magasinet Migrapolis som Østlandssendingen starta og hadde ansvaret for.
Østlandssendingen sitt studio ligg ikkje på Marienlyst, men held til i eigne lokale i det tidlegare Myrens verksted ved Akerselva i Oslo.
[endre] Bakgrunnsinformasjon
Norsk rikskringkasting |
---|
Fjernsyn: NRK1 | NRK2 | NRK3/NRK Super Radio: NRK P1 | NRK P2 | NRK P3 | NRK mP3 | NRK Alltid nyheter | NRK Alltid klassisk | NRK Alltid folkemusikk | NRK Stortinget | NRK Sport | NRK Super | NRK Gull | NRK Sámi Radio | NRK P1 Oslofjord |