Norway Cup
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norway Cup er ei internasjonal fotballturnering for ungdom som blir halden i Oslo. Ho har vorte arrangert årleg sidan 1974, og blir rekna som den største fotballturneringa i verda. I 2005 deltek 1537 lag frå 42 land, med ca. 30 000 spelarar i alderen 10-19 år.
Dei fleste kampane blir spelt på Ekebergsletta, mens finalane blir spelt på Ullevaal stadion.
Frode Kyvåg er generalsekretær.