See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Nordfjordbunad - Wikipedia

Nordfjordbunad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nordfjordbunad er ein bunad frå Nordfjord. Det har vore fleire ulike versjonar av Nordfjordbunaden, både grå og brune variantar har vorte påviste, men den svarte er mest brukt, og er kjent som den offisielle Nordfjordbunaden.

Kvinnebunaden har svart, folda stakk med vevd band nest. Livet kan vere svart, raudt eller grønt, og er kanta med same vevde banda som nede på stakken. Forkleet er vevd, med broderi av ulike lokale versjonar og tradisjonar. Ein brodert lomme skal henge på venstre side. Skjorta er brodert, rundt krage og ermar. Det høyrer også til kep. Bjosja er av sølv og grøne steinar er vanlegast til denne bunaden. Det er ikkje vanleg med hovudplagg til kvinnebunaden.

Herrebunaden er også svart. Bunaden har ein nikkers, kalla klaffebukse i heilt svart. Det fins også heilbuksevariantar. Jakka er livkort og rekk til linning, eller ein sidare variant som rekk nedom setet bak, og er skåren høgare ved bukselinning framme. Den har broderier i grønt eller svart på svart på kragen. Vesten er vanlegvis grøn (den kan være raud), og nokre versjonar har raude pyntelinjer i kantar. Skjorta er ikkje ulik kvinnebunaden, men er gjerne noko lettare brodert. Bunaden er godt utstyrt med sølvknappar (messing kan nyttast som eit billegare alternativ). Klaffebuksa har 6 knappar i livet og tre på kvar legg. Jakka har åtte knappar i to rekkjer. Den skal ikkje kneppast, men kan festast framme via ei sølvlekkje. Vesten har 6 knappar i to rekkjer, og skal kneppast. Til bunaden kan ein ha sølvur i vestlomma og bunadkniv på høgre side. Det er vist bilder mer mange ulike hattar til bunaden, og det foreligg ikkje ein standard.

På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -