Niers
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Niers | ||
|
||
Utspring | Nordrhein-Westfalen | |
- Høgd | ±75 m | |
Munning | Maas | |
Land i nedslagsfelt | Tyskland Nederland |
|
Lengd | 116 km | |
Nedslagsfelt | 1 348 km² | |
Sideelvar | Nette |
Niers er ei elv i Tyskland og Nederland, og ei av sideelvane til Maas frå høgre. Ho har sitt utspring nær Erkelenz, sør for Mönchengladbach, i Nordrhein-Westfalen i Tyskland. Niers renn gjennom Mönchengladbach, Viersen, Wachtendonk, Geldern og Goch før ho munnar ut i Maas like over grensa til Nederland ved Gennep. Den totale lengda hennar er 116 km, der 8 km er i Nederland.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Niers frå Engelsk Wikipedia .