Motor
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein motor omset potensiell energi i form av til dømes mekanisk, elektrisk eller kjemisk bunden energi, til kinetisk (rørsle-) energi.
Den finst mange typar motorar:
- Forbrenningsmotor - Ein maskin som blir brukt til å omdanna kjemisk brennstoff til mekanisk energi ved hjelp av kontrollerte eksplosjonar eller berre ein temperaturskilnad.
- Elektromotor - Ein maskin som utfører arbeide, ved hjelp av elektrisk energi i form av vekselstraum eller likestraum.
- Pneumatisk motor – Ein maskin som omdannar energi frå komprimeret luft til mekanisk rørsle.
- Hydraulisk motor – Ein maskin som omdannar energi frå ein væskestraum til mekanisk rørsle.
Motorar spelar ei stadig meir dominerande rolle i kvardagen vår. Alt frå elektriske husholdningsapparat og lys, til transport: Bussar, bilar, tog og fly nyttar motorar av ulikt slag. Dei første motorane var bygd under den industrielle revolusjonen og vart drivne av damp.