Mordvinske språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mordvinske språk er namnet på den mordvinske språkfamilien, som omfattar erzia og moksja. Mordvinsk blir snakka i eit stort områd, med kjerne i Mordovia i Russland, søraust for Moskva. Mordvinsk er ein av greinene i den uralske språkfamilien, nabogreinene er marisk i aust og austersjøfinsk i vest. Tidlegare vart to andre finskugriske språk, merja og muroma, snakka i området mellom mordvinsk og austersjøfinsk, dei vart assimilert til russisk som ein del av den slaviske ekspansjonen mot nordaust frå området rundt Kiev frå 800-talet og framover. Etter eldre genetisk klassifisering danna mordvinsk og marisk den volgafinske språkfamilien, etter nyare forsking er det ikkje mogleg å rekonstruere noko urspråk for desse to språkgreinene som skil seg frå nokre av nabospråka.
Til skilnad frå t.d. mariarane har ikkje mordvinarane noko eige sams etnonym, dei vil altså sjølv ikkje referere til seg sjølv som mordvinarar eller til språket sitt som mordvinsk, men til enten erzia eller moksja. Ved den russiske folketeljinga i 2002 var det 615 000 menneske som tala erzia eller moksja.
Innhaldsliste |
[endre] Geografisk område
Det mordvinske språkområdet er eit av dei mest utspreidde av alle minoritetsspråka i Russland. Det var den første minoriteten det storrussiske riket la under seg på det som skulle bli erobringsferda austover og sørover i Eurasia, og mordvinarane flykta austover og sørover for å komme seg unna russarane, heilt til områda aust for Volga. Som eit resultat av Stalin sin nasjonalitetspolitikk fekk mordvinarane ein eigen republikk, med Saransk som hovudstad. I og med at mordvinarane bur så spreidd, bur berre ca. ein tredel av mordvinarane i den mordvinske republikken. Erzia- og moksja-talarar finn vi både innafor republikken og utanfor, Saransk ligg i grenseområdet mellom dei to språkområda.
[endre] Dialektar
Dei mordvinske språka er splitta opp i mange dialektar, sjå artiklane om erzia og moksja.
[endre] Grammatikk
Grammatisk sett skil dei mordvinske språka seg frå dei andre uralske språka på fleire punkt. (Objektkonjugasjon, bestemtheitsbøying)
[endre] Ordforråd
Lånord...
[endre] Skriftsystem
Kontrastivt om dei to skriftspråka...
Mordvinske språk |
erzjamordvinsk | mokšamordvinsk |
Uralske språk |
austersjøfinske språk | mariske språk | mordvinske språk | permiske språk | samiske språk | samojediske språk | ugriske språk |