Monte Rosa
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Monte Rosa | ||
---|---|---|
|
||
Høgd over havet | 4 633 moh | |
Ligg i/på | Sveits og Italia | |
Fjellkjede | Wallis-Alpane | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Førsteklatring | 31. juli 1885 | |
|
Monte Rosa er eit fjellmassiv i Wallis-Alpane i Italia (Piemonte og Aostadalen) og Sveits (Valais). Dufourspitze er den høgaste toppen i Monte Rosa-massivet og det høgaste fjellet i Sveits med ei høgd på 4 634 meter over havet.
Namnet kjem ikkje frå det italienske ordet «rosa» (som har same tyding på norsk) som mange trur, men frå det frankoprovsensalske ordet roisa som tyder «isbre». [1]
På klåre dagar, som ein ofte har her, er Monte Rosa-massivet eit flott syn frå Posletta, særleg i dei øvre områda vest i Lombardia og aust i Piemonte. Det dominerar horisonten og tårnar opp omkring dei mindre alpetoppane i nærleiken. Utsikten er særleg vakker frå Malpensa internasjonale flyplass.
Det ligg fleire skistader rundt Monte Rosa-massivet. Plateau Rosa i ei høgd på om lag 3 500 meter er eit kjend sommerskisenter med permanent snødekke året rundt på grunn av høgda. Ein kan nå skisenteret med taubane frå Cervinia. Andre skisenter i omegnen er Zermatt, Gressoney, Champoluc, Alagna Valsesia og Macugnaga. Monte Rosa er ikkje vanskeleg å nå toppen av, men kan vere utfordrande nok og farlege for uerfarne folk, særleg på grunn av brå vêrendringar og bresprekker.
Innhaldsliste |
[endre] Fjelltoppar
- Dufourspitze (4 634 m)
- Ostspitze (4 632 m)
- Grenzgipfel (4 618 m)
- Nordend (4 609 m)
- Zumsteinspitze (4 563 m)
- Signalkuppe (Punta Gnifetti) (4 554 m)
- Silbersattel (4 515 m)
- Grenzsattel (4 453 m)
- Parrotspitze (4 432 m)
- Ludwigshöhe (4 341 m)
- Schwarzhorn (4 322 m)
- Vincent-Pyramide (4 215 m)
- Balmenhorn (4 167 m)
- Punta Giordani (4 046 m)
[endre] References
- ↑ Italia/Piemonte, aree turistiche. Kataweb. Vitja 3. desember 2006.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Bilete av Monte Rosa frå den italienske sida
- Bilete, inkludert panorama, av Monte Rosa frå den sveitsiske sida
- Rundt Monte Rosa
- Freeride route from Monte Rosa med kart og bilete
- Monte Rosa på Flickr
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Monte Rosa frå Engelsk Wikipedia .