See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Miguel Serveto - Wikipedia

Miguel Serveto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Miguel Serveto
Miguel Serveto

Miguel Serveto, òg skrive Michael Servet, Michel Servet og Michael Servetus, (29. september 151127. oktober 1553) var ein spansk naturvitskapsmann, lege og religiøs tenkjar under reformasjonen. Han vart anarkjend for sine vitskapelige studium, men han vart utsett for negative reaksjonar både frå katolikkane og reformatorane for sitt teologiske syn. Han vart til slutt avretta i Sveits.

Han var sannsynlegvis fødd i Villanueva de Sijena. Han oppheldt seg i Toulouse og studerte jus som tenåring. I 1530 var han til stades under kroninga av Karl V av det tysk-romerske riket, og det førte til at han byrja å kritisere den overdådige prakta til kyrkja. Han reiste mykje rundt i Europa og tok ulike typar utdanning. Det vert sagt at han og Jean Calvin møtte kvarandre som unge og at dei kom dårleg ut av det med kvarandre. I bøkene sine, De Trinitatis erroribus libri vii og Dialogorum de Trinitate libri ii tilkjennegav han det teologiske synet sitt der han mellom anna gjorde seg til talsmann for antitrinitarisme.

Han forska òg på menneskekroppen og naturvitskap. Han interreserte seg òg for astrologi, som var ganske utbreidd på den tida. Han utgav ei rekkje skrifter om desse emna. Ein av dei tinga han skreiv om, var blodomløpet.

Han arbeidde ei tid for erkebiskopen i Vienne og lét som han var ein trufast katolikk. Han opererte også ofte under pseudonymet Michel frå Villanueva. På eit tidspunkt brevveksla han og Calvin, men Calvin byrja ganske raskt å kritisere han sterkt.

Til slutt kom Serveto til Géneve, der han vart attkjend og teken til fange, anklaga for vranglære. Calvin spela ei viktig rolle i rettargangen. Calvin skal ha ynskt at han skulle verte avrettet med halshogging. Til slutt vart han likevel brent på bålet medan Calvin var til stades. Denne saka gjorde at kritikken mot Calvin og reformatorane i Sveits auka.

Læra til Serveto hadde innverknad på Lelio Sozzini og Fausto Sozzini og fleire reformatorar i Transsylvania.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -