See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Micelle - Wikipedia

Micelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Enkel figur av ei sfærisk micelle
Enkel figur av ei sfærisk micelle

Miceller er aggregat av amfifile molekyl, surfaktantar eller tensid. Slike molekyl har både hydrofobe og hydrofile delar. Dei hydrofile delane er løyselege i vatn, medan dei hydrofobe delane gjerne liknar hydrokarbon. Dei enklaste surfaktantane har ei hovudgruppe som er hydrofil og ein enkel, hydrofob hale. Andre molekyl har forgreina eller fleire halar.

Danning av miceller er ein spontan prosess som først skjer når konsentrasjonen av stoffet når eit visst nivå. Dette vert kalla kritisk micellekonsentrasjon (CMC, critical micelle concentration). Prosessen er entropidriven. Når tensidmolekyla er åleine orienterer vassmolekyla seg rundt desse og gir ein ganske ordna struktur. Denne vert broten når miceller vert danna.

I vassløysning vil dei hydrofobe delane av molekyla søka saman slik at kontakten desse har med vatn vert minst mogleg. Dei hydrofile delane vil finnast på utsida av micella.

[endre] Form

Bilag og micelle
Bilag og micelle

Miceller kan ha ulike former. Dei kan vera sfæriske, sylindriske eller finnast som dobbeltlag. Formen er bestemt av forholdet mellom storleiken til den hovudgruppa og halen. Dobbeltlag vert gjerne danna av molekyl med to halar.

I organiske løysemiddel finn ein gjerne omvende miceller. I desse er det dei hydrofile gruppene som søker saman slik at dei hydrofobe delane er på utsida.

[endre] Nytte

Når tensid er til stades i konsentrasjonar over CMC verkar dei som emulgatorar. Detergentar i vatn verkar ved at hydrofobe stoff som feitt og olje vert teke opp i micellekjernane. Dette skjer til dømes når ein vaskar opp eller vaskar hendene med såpe.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -