Meland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1256 |
Fylke: | Hordaland |
Administrasjonssenter: | Frekhaug |
Flatevidd: | 91 km² |
Folketal: | 6 233 (2008) |
Politikk | |
Ordførar (2007-2011): | Nils Marton Aadland (H) |
Målform: | Nynorsk |
Nettstad: | www.meland.kommune.no |
Meland er ein kommune i Hordaland fylke, i Nordhordland. Meland kommune er ein kyst- og øykommune nord for Bergen. Kommunesenteret Frekhaug ligg sør på øya Holsnøy. Øya Holsnøy utgjer hovuddelen av kommunen. I tillegg kjem Flatøy, Ypsøy og fleire små øyar. Nordhordlandsbrua frå Bergen kommune kjem i land på Flatøy. Europaveg 39 (E39) går vidare nordover gjennom Lindås kommune. Nord for Meland ligg óg Radøy kommune. Mellom Meland og Radøy går Mangersfjorden og Radfjorden. Mot sør- vest er Askøy kommune. Mellom Askøy og Meland går Herdlefjorden. Meland kommune har namn etter garden Meland på Holsnøy. Her er det óg kyrkje (Meland kyrkje).
Innhaldsliste |
[endre] Kommune frå 1923
Meland sokn var frå 1885 ein del av Alversund prestegjeld og kommune. Meland vart eigen kommune i 1923. Ein del av Holsnøya og litt av Askøya fekk namnet Meland kommune. Ved kommuneendringer i 1964 overtok Meland Flatøy frå gamle Hamre kommune. Gamle Herdla kommune sine områder nord på Holsnøy vart og overteke. Områda på Askøy vart overført til Askøy kommune.
[endre] Kommunevåpenet
Kommunevåpenet til Meland er på raud grunn ein sølv navar-spiss som vender nedover. Navarsmiing har lange tradisjonar i Meland. Ein navar er eit trebor.
[endre] Aviser
Avisene Strilen og Nordhordland har nyhende frå Meland. Regionavisa Bergens Tidende har og mykje om hendingar i Meland. Dessutan har Bergensavisen ei viss dekning frå kommunen
[endre] Kjende personar frå Meland
- Lise Klaveness, landslagsspelar i fotball
- Torgeir Byrknes, artisten og DJ «TeeBee»
- Bjarte Leithaug, artist
- Solveig Leithaug Henderson, artist
[endre] På verdsveven
|