Marienlyst stadion
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marienlyst Stadion har sidan 1967 vore heimebane for Strømsgodset IF, og går under namnet «Gamle Gress» på folkemunne i Drammen. Stadionet ligg på Marienlyst i Drammen kommune. Publikumskapasiteten er på 8 500 tilskodarar, av dei er 7 500 sitjeplassar. Storleiken på bana er 106 x 68 meter. Stadionet har også flomlysanlegg og varmekablar. Det norske U21-landslaget for menn spelar ein del av heimekampane sine på Marienlyst.