Mannerheim
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mannerheim er eit slektsnamn brukt av ei finsk og ei svensk adelsslekt. Dei har begge opphav i den tyske industrimannen Henrik Marhein.
Innhaldsliste |
[endre] Baronane Mannerheim
Sonen av Marhein, Augustin Marhein, blei adla i 1693 under namnet Mannerheim. Dei to sønene hans fekk tittel som baronar i 1768. Familien kom til Finland mot slutten av 1700-talet.
[endre] Grev Mannerheim
Sonen til Johan Augustin Mannerheim, Carl Erik Mannerheim, var visepresident i det fisnke økonomidepartementet og guvernør for provinsane Åbo og Björneborg. Han blei gjeven tittelen greve i 1824. Denne tittelen går i arv til den eldste sonen i familien.
[endre] Kjende namneberarar
- Carl Gustaf Mannerheim, president av Finland
- Sophie Mannerheim, finsk sjukepleiepioner
[endre] Sjå òg
- Mannerheimkrossen
- Mannerheimlina