Lungepulsåre
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lungepulsåra (òg kalla pulmonalarterien) fører blod frå hjartet til lungene. Det er den einaste pulsåra som fører blod med lågt oksygeninnhald.
Lungepulsåra går av frå høgre hjartekammer, mellom hjartekammeret og pulsåra sit pulmonalklaffen. Starten på pulsåra er hovudstammen som er stutt og brei. Den delar seg i høgre og venstre sidegrein, ein til kvar lunge.
I fostersirkulasjonen har lungepulsåra òg eit samband med livpulsåra; ductus arteriosus.
|
---|
Blod | Hjarte → Livpulsåre → Pulsåre → Kapillær → Vene → Holvene → Hjarte → Lungepulsåre → Lungene → Lungevene → Hjarte |
Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over anatomispirer. |