London City Airport
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
London City Airport ligg ca. 10 km aust for London City og 5 km frå det andre finanssentrumet i byen, Canary Wharf. Det er den nyaste lufthamna i byen og blei opna i 1987. Ruter herifrå er hovudsakleg med mindre fly berekna på forretningsreisande. Plassen blir nytta mykje av mindre private og charterfly.
Flyplassen er bygga på ein kai i hamneområdet i London, «Docklands».