Lombardisk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lombardisk (lumbard, lumbaart) |
||
Klassifisering: | Indo-europeisk Italisk Romansk Italo-vestromansk Vestromansk Gallo-iberisk Gallo-romansk Gallo-cisalpinsk(Gallo-italisk) Lombardisk |
|
Bruk | ||
Tala i: | Sveits, Italia | |
Område: | Vest-Europa | |
Lombardisktalande i alt: | ? | |
Rangering: | ? | |
Skriftsystem: | Latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i: | - | |
Normert av: | - | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1: | - | |
ISO 639-2: | roa |
Jf. også artikkelen om det vestgermanske språket langobardisk. Engelsk 'Lombard' tyder både 'lombardisk' og 'langobardisk'.
Med nemninga lombardisk meiner vi ei gruppe romanske dialektar som vert tala hovudsakleg i Sør-Sveits (Ticino og Graubünden) og i Nord-Italia (mesteparten av Lombardia og nokre område i tilgrensande regionar). Lombardisk vert rekna som eit minoritetsspråk og er strukturelt åtskilt frå t.d. retoromansk, italiensk osv. (jfr. Ethnologue og UNESCO Red Book on Endangered Languages). Lombardisk og italiensk er ikkje innbyrdes forståelege. Lombardisk og enkelte retoromanske varietetar kan vere til dels innbyrdes forståelege.