Levi Henriksen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Levi Henriksen (fødd 15. mai 1964 i Kongsvinger) er ein norsk forfattar, journalist og musikar. Han har gitt ut novellesamlinger og roman på forlaget Gyldendal, samt essaysamling, antologi og andre bøker på sitt eget forlag, Magerdal forlag.
Henriksen er kjent for å legga handlinga i verka sine til den oppdikta bygda Skogli, der han skildrar livet til bygdefolket på godt og vondt. Bygda er basert på den verkelege bygda Granli, som ligg noen kilometer utanfor Kongsvinger i Hedmark fylke.
På sitt eget forlag har han mellom anna gjeve ut antologien Mannen som ikke var fra Kongsvinger, ein hyllest til Kongsvinger då heimbyen hadde 150-årsjubileum i 2004. Tittelen er henta frå ei novelle av Aksel Sandemose frå 1954, som åpnar antologien. Forfattarar som Vidar Kvalshaug, Håkon Ohlgren, Heidi Linde, Bengt Berg og Alf Kvasbø medverker òg.
[endre] Bibliografi
- Lille Norge i store Alaska – med Jens Haugen (foto) reiseskildring (1999)
- Fra Magerdalen til Elvis Presley Boulevard – essaysamling (2000)
- Feber – novellesamling (2002)
- Ned Ned Ned – novellesamling (2003)
- Snø vil falle over snø som har falt – roman (2004)
[endre] Plater
- Greetings From Stuckville – Heart of Mary - bassist og låtskriver (1989)
- Herfra til Rockaway Beach – Levi Henriksen og Thomas Mårud - bassist og låtskriver (2005)
[endre] Priser og utmerkelser
- Bokhandlerprisen 2004, for Snø skal falle over snø som har falt
- Kongsvinger kommunes kulturpris 2004