Leif Johan Sevland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leif Johan Sevland (f. 13. september 1961) på Avaldsnes (Karmøy)) har vore ordførar i Stavanger frå oktober 1995. Han vart attvald ved vala i 1999, 2003 og 2007. Han representerer Høgre. Han er spesielt næringspolitisk engasjert og meiner at kommunen har eit særskilt ansvar for å leggja til rette for næringsaktivitet i området. Leif Johan Sevland har si utdanning frå Rogaland distriktshøyskole, samfunnsfagleg studieretning. I åra frå 1988 til 1994 arbeidde han ved Forus Travbane, der han frå 1989 var dagleg leiar. Han er gift med Anne Iren Selnes.