Laon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den øvre delen av Laon | |||
|
|||
Styresmakter | |||
---|---|---|---|
Land Region Departement |
Frankrike Picardie Aisne |
||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
42,00 km² |
||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
26 265 625/km² |
||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 83 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Heimeside: www.ville-laon.fr |
Laon er ein by og kommune i Frankrike, og préfecture (administrasjonsstad) i departementet Aisne. Byen har om lag 25 000 innbyggjarar.
[endre] Historie
Det åslendte området rundt Laon har alltid vore strategisk viktig. Rundt tida til Julius Cæsar låg det ein gallisk landsby her. Romarane erobra staden, bygde festningsverk, og klarte å motstå invasjonar frå frankarar, burgundarar, vandalar, alanarar og hunnarar. På denne tida vart han kalla Alaudanum eller Lugdunum Clavatum.
Byen vart eit bispedøme på 400-talet, oppretta av den innfødde St. Remigius, erkebiskopen som døypte Klodvig I.
Tidleg på 1100-talet, då biskopen var på reise, prøvde innbyggjarane i byen og få kommunestatus, men biskopen kjøpte ei oppheving av dette av den franske kongen. Dette førte til opprør i byen, der bispepalasset vart sett i brann og biskopen og fleire av mennene hans vart drepen. Brann spreidde seg til domkyrkja som brann heilt ned.
Kongen greip inn for biskopen fram til 1239. Fram til 1331 var byen meir eller mindre fri, før kommunestatusen igjen vart avskaffa. Under Hundreårskrigen vart byen erobra av burgundarane, som gav han opp til engelskmenna, før han vart teke tilbake av Frankrike etter Karl VII kom til makta.
Under felttoget i 1814 prøvde Napoleon forgjeves å drive bort von Blücher frå byen under slaget ved Laon.
I 1870 sprengde ein ingeniør opp eit kruttlager ved festningen i det tyske troppar gjekk inn i byen. Mange liv gjekk tapt, og katedrale og det gamle bispepalasset vart øydelagd. Under den franske revolusjonen mista Laon statusen som bispedøme.