Lampe
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lampar (frå norr. lampi med opphav i gr. lampas, 'fakkel', av lampein, 'lyse') er ein mindre gjenstand som gjev lys. Dei vanlegaste lampane i norske heimar gjev i dag frå seg elektrisk lys ved hjelp av ulike lyspærer, men det finst òg til dømes oljelampar eller lampar for levande lys. Lampar kan vera festa i tak og på veggar eller stå på bord eller golv. Ein lampe ein kan bera med seg blir kalla ei lykt.