Løvstakken
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Løvstakken | ||
---|---|---|
Høgd over havet | 477 moh | |
Ligg i/på | Bergen (Hordaland) | |
Fjellkjede | Dei sju fjella | |
Koordinatar | Koordinatar: |
Løvstakken (477 moh.) er eit av dei sju fjella kring Bergen. Det ligg mellom Fyllingsdalen og Bergensdalen. Fjellet gav namn til ein tidlegare bydel i Bergen (no del av bydelane Årstad og Fyllingsdalen). Løvstakken er eit populært turterreng, og Bergen Turlag sin årlege sjufjellstur går over Løvstakken. Det er då det tredje fjellet ein går over etter Lyderhorn og Damsgårdsfjellet. Turen går vidare til Ulriken, Fløyfjellet, Rundemanen og til slutt Sandviksfjellet.
[endre] Sjå òg
- Løvstakken Jægerkorps - eit buekorps stifta i 1903.
- Løvstakktunnelen - ein vegtunnel mellom Laksevåg og Fyllingsdalen