Kulturlandskap
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kulturlandskap er landskap som er blitt forma av menneske i noko grad. Område som er heilt upåverka av menneskeleg aktivitet kan kallast urlandskap, men slike finn ein knapt på jorda i dag. Det er vanleg å bruka nemninga naturlandskap om område der naturlege økosystem dominerer, og kulturlandskap om område der økosystema er vesentleg endra og menneskelege innslag er godt synlege. Kulturlandskap spenner frå lite påverka område der til dømes nomadar held til, til byar og parkar som er nesten heilt forma av menneske.
Kulturlandskap er ikkje økologisk stabile. Jordbrukslandskapet blir til dømes halde vedlike kunstig gjennom hogst, sviing, beiting, drenering, jordbearbeiding, såing og ugrasbekjemping.