Krigar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein krigar er ein person som har som livsstil eller yrke å kjempa i krig.
Klassifiseringa av ein person som er involvert i ein kva som helst form for vald er eit spørsmål om perspektiv, og det kan oppstå usemje om denne personen er ei bølle, ein gangstar, ein terrorist, ein opprørar, ein fredskjempar, ein leigemordar eller ein soldat.
Profesjonelle krigarar er menneske som blir betalt for å delta i militære kampanjar. Desse kan delast i to grupper: Soldatar som kjemper på vegne av sitt eige land (eller eit tilsvarande omgrep) og leigesoldatar som kjemper for den som tilsett dei, uavhengig av nasjonalt tilhøyre.
[endre] Krigarklassar
I stammeliknande samfunn med endemisk krigføring er det vanleg at krigarar formar sine eigne klanar eller klassar for seg sjølv. I føydalisme utgjer vasallane ein militær eller krigarklasse med ikkje-krigarar som utskrivne krigarar når det trengst.
Filologen Georges Dumézil såg for seg eit proto-indoeuropeisk smafunn som var delt i ein presteklasse, ein krigarklasse og ein klasse av vanlege folk. Hinduar er delte inn i slike klassar gjennom kastesystemet, der ksjatriya er namnet på krigarkasten.
I mange samfunn der ein har ein spesialisert krigarklasse, finst det spesielle reglar for oppførsel for å forsikra seg om at krigarklassen ikkje utgjer ei trussel overfor resten av samfunnet. Krigarkodeksar har ofte vore vanlege trekk og verdset høgt dugleiker som lojalitet, mot og æra. Bushido og riddarlegheit er to eksempel på krigarkodeksar.
[endre] Krigaren i psykologien
I moderne psykologi basert på Carl Jung er krigaren ofte sett på som ein arketyp for maskulinitet.
[endre] Referansar
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av ein artikkel frå Engelsk Wikipedia.
- King, Warrior, Magican, Lover: Rediscovering the Archetypes of the Mature Masculine by Robert Moore and Douglass Gillette (San Francisco: Harper, 1990).