Komipermjakisk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Komipermjakisk | ||
Klassifisering: | Uralsk permisk |
|
Bruk | ||
Tala i: | Russland | |
Område: | Perm kraj (Komi-Permjakia) | |
Komipermjakisktalande i alt: | 94 000 (2002) | |
Rangering: | Ikkje topp-100 | |
Skriftsystem: | kyrillisk | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1: | kv | |
ISO 639-2: | kom | |
ISO 639-3: | koi |
Komipermjakisk er eit permisk språk i den uralske språkfamilien. Ved folketeljinga i 2002 var det 125 000 komipermjakar, og 94 000 av dei hadde komipermjakisk som morsmål.
[endre] Historie
I lag med komi og udmurtisk dannar komipermjakisk den permiske språkgruppa. Språka har sannsynlegvis skilt seg frå ei felles språkform, urpermisk, omtrent år 1000. Komisk og komipermjakisk er framleis så nære kvarandre at dei er innbyrdes forståelege, sjølv om dei har ulike skriftspråk.
Det komipermjakiske skriftspråket vart utvikla på 1930-talet, først med latinsk alfabet, deretter med kyrillisk.
[endre] Grammatikk
Komipermjakisk er det uralske språket som har flest kasus, ca. 7 fleire enn komisk, dei har komme til dei siste 1000 åra.
Permiske språk |
komi | komipermjakisk | udmurtisk |