Komiar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Komiar er eit folk som hovudsakleg bur langs dei store elvene som renn ut i Barentshavet på vestsida av Uralfjella i europeisk Russland. Dei fleste komiane bur i Republikken Komi, men det er også komiar på Kolahalvøya, i Arkhangelsk oblast, i Nenetsia og på austsida av Uralfjella, i Sibir.
Komipermjakkane, komiar som snakkar komi-permjakisk, bur i Perm kraj, sør for Republikken Komi.
Ved folketeljinga i Russland i 2002 registrerte 293 000 menneske seg som komiar og 125 000 som komi-permjakar. 217 000 menneske snakka komi, 94 000 komi-permjakisk]]. I følgje den sovjetiske folketeljinga frå 1989 var det i Sovjetunionen 344 519 komiar, av dei hadde 242 515 komi som morsmål. Etter Silver-formelen er ca. 8,3 % av komiane einspråklege, ca. 62,1 % er tospråklege med komi som morsmål, ca. 5,6 % er tospråklege med russisk som morsmål, og ca. 23,9 % er einspråklege med russisk som morsmål.
Komiane levde opprinneleg hovudsakleg av jordbruk og skogbruk, og nord for dyrkingsgrensa av reindrift. I takt med industrialiseringa det siste hundreåret arbeider også mange komiar i industrien.
Komiane vart kristna tidleg, på 1300-talet, av misjonæren Stefan av Perm, som omsette delar av Bibelen til komi, og som utvikla eit eige alfabet, abur, for å skrive komi.
Etter ein teori skal Bjarmland og bjarmane vere komiar, etter namnet på området Perm.
[endre] Kjelder
- Vestnik Statistiki 10/1990. Moskva. Finansy i statistika. (1989) online-versjon
- Folketeljinga frå 2002