Kofi Annan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kofi Atta Annan (f. 8. april 1938) er ein diplomat frå Kumasi, i Ghana og den sjuandegeneralsekretæren for dei sameinte nasjonane, han hadde denne jobben frå 1. januar 1997 til 1. januar 2007. Saman med SN fekk han Nobels Fredspris i 2001.
Annan kom frå ein styrande familie; begge bestefedrene og ein onkel var stammehøvdingar. Faren hans var halvt ashanti og halvt fante medan mor hans var fante. I følge tradisjonell ghanesisk namngjeving fortel namnet noko om fødselen til Annan. Kofi tyder at han var fødd på ein fredag, Annan at han var den fjerde ungen i familien, og Atta fortalde at han var fødd som tvilling, noko som blir sett på som svært spesielt i Ghana. Tvillingsystera Efua Atta døydde i 1991.
Kofi Annan byrja karrieren sin i SN-systemet i 1962, då han blei tilsett ved Verdshelseorganisasjonen (WHO).
Kofi Annan er gift med den svenske advokaten og artisten Nane Maria Annan. Dei har tre barn, to av dei, Kojo Annan og Ama Annan, kjem frå eit tidlegare ekteskap Kofi Annan hadde, mens den tredje, Nina Cronstedt de Groot er frå Nane Maria Annan sitt tidlegare ekteskap.
[endre] Peikar ut
Føregjengar: Boutros Boutros-Ghali |
Generalsekretær for SN |
Etterfylgjar: Ban Ki-moon |