Kefallinía
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kefallinía Lokalt namn: Ιθάκη |
|
---|---|
Landsbyen Fiskardo på Kefallonia |
|
Geografi | |
Stad | Det joniske havet |
Koordinatar | Koordinatar: |
Øygruppe | Dei joniske øyane |
Areal | 688,8 km² |
Høgaste punkt | Ainos (1 628 moh) |
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Prefektur |
Dei joniske øyane Kefalonia |
Største busetnad | Argostoli (13 000 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 39 488 (2001) |
Folketettleik | 35 /km² |
Kefallinía (gresk: Κεφαλληνία), óg kalla Cephallenia, Cephallonia, Kefalonia eller Kefallonia, er den største av Dei joniske øyane i Hellas med eit areal på 688,8 km².
Øya er kalla opp etter den mytologiske figuren Kefalus (Kifalis), sjølv om enkelte meiner at øya tyder «ei øy med hovud».
Kefallinia er óg namnet på eit prefektur.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Hovudstaden i prefekturen Kefallinia er Argostoli. Folketalet på øya er om lag 40 000 innbyggjarar. Om lag ein tredjedel av innbyggjarane bur i Argostoli.
Øya er dekka av tett vegetasjon og har mange naturskjønne strender, der nokre av dei ikkje er mogeleg å nå frå land, og flotte grotter. Mirtos er den mest kjende av desse strendene og er ein stor turistattraksjon som ofte har kome høgt på listene over dei vakraste strendene i verda.
Det høgaste fjellet på Kefallinia er Ainos med ei høgd på 1 628 meter over havet. I vest-nordvest ligg Palikifjellam, der Lixouri ligg. Andre fjell er Gerania og Agia Dynati.
Det er fem hamner i prefekturen, der fire av dei er på øya. Same eller Sami har ferjesamband til Patras og Ithaka. Poros i sør har samband til Kyllini. Argostoli i vest er den største hamna og huser lokale båtar og ferjer som går til Zakynthos og Lixouri. Vasiliki i nord har samband til Lefkas og Ithaka.
Kefallinia har ein flyplass, Kefallinia flyplass, med ei rullebane på om lag 2,4 km. Flyplassen ligg om lag 10 km sør for Argostoli.
Kefallinia ligg midt i eit seismisk aktivt område, og det oppstår mange mindre jordskjelv kvart år. I 1953 råka eit stort jordskjelv øya og skapte fleire øydeleggjingar.
[endre] Historie
Øya fekk namnet sitt frå den mytologiske helten Kefalos, som kom til øya som flyktning frå Athen og dreiv bort dei opphavlege øybuarane som vart kalla tafianarar.
Bybar og landsbyar på øya vart vanlegvis bygd på høge toppar for å hindre åtak frå sjørøvarar i Det joniske havet.
I 1864 vart Kefallinia, i lag med dei andre joniske øyane, ein del av Hellas.
Under den andre verdskrigen vart øya okkupert av Tyskland og Italia. Fram til seint i 1943 bestod okkupasjonsstyrken hovudsakleg av italienerar. Øya vart stort sett spart for kampar fram til det facistiske Italia kollapsa i september 1943. Italienarane på øya håpa på å få reise heim, men tyskarane ville ikkje at den italienske ammunisjonen skulle brukast mot dei om italienerane tok det med seg heim, og italienarane ville ikkje overlevere ammunisjonen til tyskarane av same årsak. Då tyske forsterkingar kom til øya forskansa italienarane seg og kjempa mot den nye tyske invasjonen. Italienarane haldt ut den tyske omleiringa ved Argostoli i om lag 6 timar før tyskarane tok kontroll over heile øya. Seks tusen av ni tusen overlevande italienske soldatar var så avretta.
Då krigen enda i Europa i 1945 var det framleis konkflikt på Kefallinia på grunn av den greske borgarkrigen. Freden kom omsider til øya i 1949.
[endre] Det store jordskjelvet i 1953
Kefallinia ligg like aust for ein stor forkastning der den europeiske kontinentalplata møter den egeiske plata. Det er ofte jordskjelv langs denne forkastinga.
Fire jordskjelv råka øya i august 1953. Som følgje av desse vart så godt som kvart einaste hus på øya øydelagd. Det tredje og mest øydeleggjande jordskjelvet fann stad 12. august 1953 kl 11.23 lokal tid og hadde ein styrke på 7,3 på Richterskalaen. Episenteret var like under sørenden av øya. Heile øya steig 60 cm opp av havet som følgje av skjelvet, og er framleis så mykje høgare i dag. Dette kan ein sjå på vassmerker på klippene rundt kysten.
Nesten alle hus vart øydelagd av skjelvet og berre områda i nord slapp litt billigare unna. Øydeleggjingane vart estimert til eit par hundre millionar kroner. Verre for øya og økonomien her var det derimot at mange innbyggjarar reiste frå øya. Ein har estimert at om lag 100 000 av 125 000 innbyggjarar flytta frå øya etter skjelvet.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Ithaca frå Engelsk Wikipedia .
|
||
---|---|---|
Andikýthira • Andípaxi • Arkoudi • Atokos • Drakonera • Elafonisos • Erikoússa • Itháki • Kalamos • Kastos • Kefallinía • Kérkyra • Kravia • Kýthira • Kythros • Lazaréto • Levkáda • Makri • Makropoula • Mathraki • Meganisi • Modiaøyane • Othoní • Oxía • Paxí • Petalas • Pistros • Pontikos • Provati • Skorpios • Sparti Levkados • Strofades • Vído • Vromonas • Zákynthos |