Kantjendjunga
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kantjendjunga | ||
---|---|---|
|
||
Høgd over havet | 8 586 m. | |
Ligg i/på | India og Nepal | |
Fjellkjede | Himalaya | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Førsteklatring | 25. mai 1955, George Band og Joe Brown |
Kanchenjunga (óg kalla Kangchenjunga, Kangchen Dzö-nga, Khangchendzonga, Kanchenjanga, Kachendzonga og Kangchanfanga) er det tredje høgaste fjellet i verda, det høgaste fjellet i India og det nest høgaste i Nepal med ei høgd på 8 586 moh.
Fjellet ligg på grensa mellom den tidlegare sjølvstendige staten Sikkim (no delstat i India) og det austlege Nepal.
I Nepal høyrer fjellet til Taplejung distrikt i Mechi sone, auststregionen, i Kanchenjunga naturvernområde.
Kanchenjunga tyder noko slikt som «fem skattar av snø», truleg fordi det eigentleg er snakk om fem fjelltoppar som alle er meir enn 8 000 moh. Fram til 1852 trudde ein faktisk at Kanchenjunga var det høgaste fjellet i verda, men utrekningar føretatt av britiske forskarar i 1849 viste at det ikkje var tilfellet. George Band og Joe Brown, som var med i ein britisk ekspedisjon, var dei første som klatra til toppen, den 25. mai 1955.
|
||
---|---|---|
Everest | K2 | Kangchenjunga | Lhotse | Makalu | Cho Oyu | Dhaulagiri | Manaslu | Nanga Parbat | Annapurna | Gasherbrum I | Broad Peak | Gasherbrum II | Shisha Pangma |