Kéa
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kéa Lokalt namn: Κέα/Τζια |
|
---|---|
Nær Vourkari på Kea |
|
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | Koordinatar: |
Øygruppe | Kykladane |
Areal | 129 km² |
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Prefektur |
Sør-Egearhavet Kykladane |
Demografi | |
Folketal | 2 417 (2001) |
Folketettleik | 19 /km² |
Kea (gresk: Κέα/Τζια, latinsk Ceos), óg kalla Gia, Tzia, Zea og Keos, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Hovudbyen Ioulis ligg i dei indre områda (som dei fleste antikke busetnadane i Kykladane på grunn av frykten for sjørøvarar). Andre tettstader er Korissia (hamna) og Vourkari (ein fiskelandsby). Etter å ha vorte avfolka i mange tiår, er ho nyleg vorte oppdaga igjen av athenarar som ein flott stad for helge- og båtturarar. Folketalet i 2001 var på berre 2 417.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Kea er den øya i Kykladane som ligg nærast Attika, om lag ein time med båt frå Lavrio, og ligg 20 km frå neset Sounion og 60 km søraust for Athen. Klimaet er tørt og terrenget er åslendt. Kea er 19 km lang frå nord til sør og 9 km brei frå vest til aust. Ho har eit areal på 129 km² og det høgaste punktet er 560 moh.
Kommunen Kea inkluderar óg øya Makronisos i nordvest.
[endre] Historie
Kea har vore busett sidan bronsealderen og hadde ein kultur som nådde sitt høgdepunkt seint i den minoiske og tidleg i den mykenske perioden (1600-1400 fvt.).
I antikken var Kea heimstad til Simonides og nevøen hans Bakkhylides. Begge var greske diktarar. I tillegg kom sofisten Prodikos frå øya.
Under den austromerske perioden vart det bygd mange kyrkjer på Kea og velstanden til øya auka. Kea var ein del av riket fram til 1204, då ho vart erobra av venetianarar etter det fjerde krosstoget. Kea vart gjenerobra av austromarane i 1278. I 1296 fall ho tilbake til venetianarane, som like etter bygde ei borg over den antikke akropolisen i Ioulis. Hamna vart mykje nytta av sjørøvarar, og i 1470 var det nerre rundt 200 innbyggjarar att.
Kea vart okkupert av osmanarane i 1527. Tyrkarane slo seg derimot aldri ned på øya, men dei sende arvanittar her på slutten av 1500-talet. Under denne perioden kom det mange religiøse og intellektuelle personar som ønska å ligge lågt til øya. I 1668 raserte tyrkarane øya fordi dei hadde tatt venetinarane sitt parti, men like etter fekk innbyggjarane mange rettar og mot slutten av hundreåret hadde folketalet stige til tre tusen.
[endre] Tettstader
- Khavouna
- Ellinika Kea
- Kato Meria
- Ioulis
- Kea by
- Korissia
- Koundouros
- Otzias
- Pisses
- Vourkari
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Kea (island) frå Engelsk Wikipedia .
|
||
---|---|---|
Amorgos • Anafi • Andros • Antiparos • Delos • Ios • Kea • Kimolos • Kythnos • Milos • Mykonos • Naxos • Paros • Folegandros • Santorini • Serifos • Sifnos • Sikinos • Syros • Tinos |