Jordmor
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jordmor er i Noreg ein fødselshjelpar godkjent etter lov om helsepersonell. Grunnlaget for offentleg autorisasjon er ei to-årig vidareutdanning for sjukepleiarar. I tillegg til arbeidet under sjølve fødselen arbeidar jordmødre òg med oppfølging av gravide i svangerskapet. Jordmødre er som regel tilsett ved sjukehus, fødestovar eller i kommunehelsetenesta, men nokre driv òg fødselshjelp heime hos folk. Det er over 2000 aktive jordmødre i Noreg (2005).
[endre] Historie
I 1810 blei det heimla i lov at jordmødre skulle ha utdanning. Jordmortenesta blei vidare heimla i eigen jordmorlov i 1889, ei lov som med endringar gjaldt fram til helsepersonellova trådte i kraft 1.1.2001.
Fram til jordmorutdanninga tok til ved Fødselsstiftelsen i Kristiania i 1818 måtte utdanninga skje i København. I 1948 blei utdanninga endra frå ei sjølvstendig utdanning til ei vidareutdanning for sjukepleiarar. Ho var frå starten eitårig med eit turnusår etter, dette blei endra til ei toårig utdanning utan turnusteneste i 2005.
Frå starten var det som regel gifte eller enker som var jordmødre, det blei rekna som naturleg at ho hadde fødd sjølv. Dette blei etter kvart endra til at jordmødre var ugifte, som sjukepleiarar var det, og i 1910 fanst berre ugifte jordmødre. Menn fekk adgang til yrket først i 1973.
I Noreg er jordmødre organisert i Den norske jordmorforening, stifta 1908, og Jordmorforbundet, stifta i 1957. Jordmorforbundet samarbeider med Norsk Sykepleierforbund.
[endre] Kjelder
- Jordmor i Store Norske Leksikon
- Mari Hagtvedt: Jordmorvesenets utvikling. Tidsskrift for jordmødre, 2008, 2, 23-25.