Javakheti
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Javalkheti er eit vulkansk platå i Kaukasusfjella, som dekkjer regionen Samtskhe-Javakheti i Georgia, langs grensa til Tyrkia og Armenia. Platået ligg i ei høgd over 2 000 meter.
Platået er ei stor grasslette (alpin steppe) med mange våtmarker og fjellinnsjøar (seks av dei største innsjøane i Georgia, Tabatskuri, Paravani, Khantsjali, Madatapa, Kartsakhi, Sagamo).
Våtmarkene i Javalkheti er ein del av Ramsar-konvensjonen si liste over internasjonalt viktige våtmarker.
Over sletta, frå nord til sør, går fjellkjeda Abul-Samsari med ei rekkje vulkankjegler.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Javakheti Plateau frå Engelsk Wikipedia .