Ingunn Golmen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingunn Oldervik Golmen (f. 7. april 1964) er lokalpolitikar for Senterpartiet og er ordførar i Aure kommune. Ho var tidlegare ordførar i Tustna kommune 2003–2005 som representant for ei tverrpolitisk liste for Senterpartiet, Venstre, Høgre og Kristeleg Folkeparti. Tustna og Aure vart samanslegne under namnet Aure den 1. januar 2006, og ho vart dermed den siste ordføraren i Tustna kommune.