Ingrid Alexandra av Noreg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
H.K.H. Prinsesse Ingrid Alexandra av Noreg (f. 21. januar 2004) er dotter av kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit. Ho er kronprinsparet sitt fyrste barn saman.
Ingrid Alexandra vart fødd 21. januar 2004, kl. 09.13, på Rikshospitalet i Oslo. Ho er nr. to til den norske trona etter far sin og er den fyrste kvinna som er fødd med arverett til trona. Prinsessa vil, om monarkiet vert vidareført, ei gong verta regjerande dronning av Noreg.
I 1990 vart den norske grunnlova endra. Endringa inneber at eldste barnet til kongen eller ein tronfylgjar går inn i tronfylgjerekkja. Tidlegare gjekk berre guteborn inn i arverekkja. I §41 vart ordet Prinds bytta ut med tronarving.
Slik som faren stammar ho direkte ned frå dronning Victoria av Storbritannia. Ho står difor på lista over engelske tronfylgjarar.
[endre] Sjå òg
Føregjengar: Kronprins Haakon |
Arveprinsesse av Noreg (2004–)
|
Etterfylgjar: Prins Sverre Magnus |