Industrisamfunn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Industrisamfunn kan vera ei nemning på eit land, område eller kontinent som er industrialisert, eller på eit lokalsamfunn som er bygd opp rundt ei eller fleire industriverksemder. I eit slikt samfunn arbeider dei fleste innan industrisektoren. Industrisamfunn kan sjåast som eit overgangsstadium mellom eit jordbrukssamfunn og eit tenestesamfunn der tenesteyting er dominerande.
Dei første industrisamfunna oppstod i Storbritannia på 1700-talet, sjølv om enkelte gruveområder og liknande (til dømes i Bergslagen i Sverige) var stader bygd opp på industriell verksemd. På 1800-talet og 1900-talet spreidde industrialismen seg til andre delar av verda.