Hinduistiske høgtider
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Talet på hinduistiske høgtider er stort og ukjend. Det finst små høgtider som blir feira i ein enkelt landsby og store høgtider som blir markerte i heile den hinduistiske verda. Dei gamle og sprikande tradisjonane bak hinduismen kan vera ein grunn; ein annan at hindukalenderen ikkje har kviledagar slik den jødiske, kristne og muslimske har. Dei mange høgtidene blir ein annan måte å skapa avbrekk i kvardagen på for hinduane.
Dei fleste større høgtidene finn stad mellom august og desember. Nokre høgtider blir ikkje feira kvart år, men sjeldnare, til dømes kvart tolvte år (kombha mela).
Innhaldsliste |
[endre] Årsaker
Høgtidene kan markera mytologiske eller daglegdagse hendingar, ofte begge delar. Dei kan til dømes minnast korleis ein asura (demon) blei overvunnen, eller vera ei årleg markering av innhaustinga. Årsgangen blir markert med nyttårsfeiringar og mindre festar til visse tider, til dømes ved nymåne, fullmåne, eller ganske enkelt byrjinga av ein ny månad.
Viktige livshendingar, som bryllaup, svangerskap, fødslar og overgangsrituale er private høgtider som blir grundig feira innan ein familie eller eit landsbyfellesskap.
[endre] Feiring
Den religiøse markeringa av ei høgtid inneber som regel ein større eller mindre podja. Denne kan føregå heime ved eit husalter eller i større stil i eit tempel. Tenning av lys og utdeling av signande vatn, mat, blomar eller fargestoff er gjerne del av dette begge stader. Opptog høyrer med til mange høgtider.
Før feiringa tek til vil ein vaska seg og ofte ta på nye klede. God mat og musikk kan òg vera viktige delar av ei høgtideleg markering.
[endre] Oversyn
Dette er nokre hinduistiske høgtider, grovsorterte etter tidspunkt. Dei viktigaste har oransje bakgrunn.
Høgtid | Grunn | Kvar | Kva tid (hindukalenderen) |
Kva tid (den vestlege kalenderen) |
---|---|---|---|---|
Makar sankranti | Nesten vintersolkverv | Heile Nord- og Vest-India | Sankranti-dagen i månaden makar | Midten av januar |
Lohri | Nytt liv | Punjab | Nesten vintersolkverv | Midten av januar |
Pongal | Nyttår | Blant tamilar | Overgangen mellommaargazhi og thai | Frå desember til februar |
Thaiposam | Fødselsdagen til Murugan, då han fekk spydet sitt | Blant tamilar | Thai | Januar/februar |
Vasant pantsjami | Fødselsdagen til Sarasvati | Heile India | Magha | Januar/februar, òg feira i sept/okt |
Maha sjivaratri | Takksemd til Shiva | Heile India, særleg Uttar Pradesh | Phalguna | Februar/mars |
Holi | Vårhøgtid | Heile India | Overgangen mellom phalguna og tsjaitra | Mars |
Hinduistisk nyttår | Nyttår i sjakakalenderen | Heile India | Byrjinga av tsjaitra | Mars/april |
Ugadi, gudi padwa | Nyttår | Vest-India | Byrjinga av tsjaitra | Mars/april |
Bhogali bihu | Vårhøgtid | Aust-India | Byrjinga av tsjaitra | Mars/april |
Ramanavami | Dagen for Rama sin fødselsdag og giftarmål med Sita | Heile India | Tsjaitra | Mars/april |
Hanuman djayanti | Fødselsdagen til Hanuman | Heile India | Fullmåne i tsjaitra | Mars/april |
Vat purnima | Seremoni for å verna ektemenn | Mahrashtra | Djyesjtha | Juli |
Ganga dasjami | Ganga kom til jorda | Heile India | Vaisakha | Juni |
Rath jatra | Opptog med køyretøy for Djagannath | Orissa, særleg Puri | Asjadh | Juli |
Guru purnima | Tilbeding av andelege leiarar til minne om vismannen Vyasa. | Heile India | Asjadh | Juli/august |
Nag pantsjami | Slangehøgtid | Over heile India | Sjravana | Juli/august |
Varamahalaksjmi vrata | Materiell lukke og familiefred | Sør-India | Fredag før fullmåne i sjravana sjukla | August |
Raksja bandhan | Søskenkjærleik | Heile India | Fullmåne i sjravana | August |
Onam | Hausttakkefest | Blant malyaliar | Tsjingam | August/september |
Gåkolasjtmi | Krisjna sin fødselsdag | Heile India | Slutten av bhadrapadha | August/september |
Ganesjotsav | Fødselsdagen til Ganesja | Vest- og Sør-India, særleg Maharashtra | Bhadrapada | August/september/oktober |
Pitr-paksja/Mahalya paksja | Rituale for daude | Heile India | Den mørke delen av asjvina | September/oktober |
Valmiki djayanti | Fødselsdagen til vismannen Valmiki | Heile India | Fullmåne i asjvina | September/oktober |
Laksjmi podja/kodjagari | Tilsynekominga av Laksjmi | Særleg Vest- og Nord-India | Fullmåne i asjvina | september/oktober |
Dasjera/vidjayadasjmi | Det gode si makt over det vonde, særleg Durga sine sigrar over demonar | Heile India | Asjvina | September/oktober |
Durga podja/Durgotsava | Dyrking av Durga | Bengal | Asjvina eller kartika | September/oktober |
Karvatsjauth | Gifte kvinner utfører ritual for å verna mennene sine | Nord- og Vest-India | Kartika | Oktober/november |
Dipavali/divali | Det gode si makt over det vonde | Alle hinduar | Asjvajudja | Oktober/november |
Gita djayanti | Årsdagen for bhagavadgita | Heile India | Margasirsja | Desember/januar |