Hijaz
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hijaz eller Hedsjas ( arabisk الحجاز) er ein region vest i Saudi-Arabia mot Raudehavet frå Asir i sør til grensa mot Jordan i nord. Han er ca 300 000 km² i flatevidd. I den arabiske verda var Hedsjas ein provins kor Islam vaks fram på 600-talet. Han kom under Egypt etter at Bagdadkalifatet fell i 1258. Frå 1517 kom området til å ligge under osmanarane.
Etter omkring 1200 vart det indre styre teke hand om av emirane i Mekka. Frå 1845 blei den osmanske overhøgvørde meir tilstades og meir avskydd, og i 1916 gjorde ein lokal leiar Hussain I. ibn Ali opprør mot osmanarane, fekk stønad frå England og Lawrence av Arabia og tok tittelen konge av Hedsjas. Ibn Saud erobra kongeriket i 1925 slik at etter 1932 gjekk Hedsjas inn i kongeriket Saudi-Arabia under kong Ibn Saud.