See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Helgen - Wikipedia

Helgen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det siste måltidet av Simon Usjakov 1685. Alle Jesu læresveinar, Judas Iskariot unnteken, vert rekna som helgenar; derfor er dei teikna med ein glorie.
Det siste måltidet av Simon Usjakov 1685. Alle Jesu læresveinar, Judas Iskariot unnteken, vert rekna som helgenar; derfor er dei teikna med ein glorie.

Ein helgen er ein person som innan katolsk eller ortodoks kristendom vert rekna for å ha levd levt i særleg djup fellesskap med Gud. Helgenar finst òg innan islam og hinduismen.

Innhaldsliste

[endre] Helgenar i kristendommen

[endre] Dei første helgenane

Den kristne helgenkultens har opphav i feiringa av martyrane. Dei kristna feira tidleg dødsdagane til martyrane ved at dei heldt måltider eller nattverd ved gravene deira. Då forfølgingane av dei kristne, som keisar Nero starta på 60-talet, var over først på 300-talet, bygde dei ofte kyrkjer over martyrgravene. Med tida byrja dei å dele på etterlemningane (relikvia) etter martyrane slik at fleire kyrkjer kunne få del i dei.

Etter at forfølgingstida tok slutt og færre lei martyrdøden, vart òg munkar, nonner, jumfruer, eremittar og asketar helgenkåra.

[endre] Helgenar innan Den romersk-katolske kyrkja

Den katolske kyrkja lærer at alle menneske er kalla til å vere helgenar. Menneske som heilhjarta går inn for å følgje Jesus Kristus, og med Guds nåde opnar seg for han, kan i følgje kyrkja si lære oppleve at nåden kan virke uhindra i dei. Andre kristne kan be helgenane gå i forbøn for seg; etter katolsk syn er helgenane difor ikkje gjenstand for avgudsyrking, men andre kan be dei gå i forbøn for seg.

Kyrkja har alltid hatt helgenar, men ordninga med å kåre helgenar har endra seg gjennom tidene. Først på 1300-talet vart det vanleg med kanoniseringar frå sentralt kyrkjeleg hald.

Det første leddet i heilagkåringsprosessen er at eit menneske vert æra som ein heilag. Sidan kan han eller ho lokalt verte saligkåra ved ein beatifikasjon. For at ein person skal bli helgenkåra, er det mellom anna eit krav at det skal vere dokumentert at det har skjedd undere ved påkalling av den salige. Helgenkåringa skjer ved Paven.

[endre] Helgenar i ortodokse kyrkjer

Den ortodokse kyrkja har ein enklare prosess for helgenkåring. Det er ingen formell prosedyre, og heilagkåringa vert utført av ein biskop. Kulten kan spreie seg ved at nye biskopar godkjenner heilagkåringa for sitt bispedømme eller ved at patriarken fodkjenner kåringa for heile kyrkja

[endre] Helgenar i protestantiske kyrkjer

Dei protestantiske kyrkjene vanlegvis avstand frå helgenkult; mange reknar det for ei form for avgudsdyrking. Spesielt innan anglikanskje kyrkjer speler helgenane likevel ei viss rolle, helst som gode førebilete. Innan denne kyrkja kan det òg finnast grupperingar som kan be ein helgen gå i forbøn for seg.

[endre] Dei viktigaste helgenane

St. Halvard og kvinna han søkte å redde, Oslo Rådhus
St. Halvard og kvinna han søkte å redde, Oslo Rådhus

Blant helgenane har Jomfru Maria ein særstilling over alle andre. Ho har fleire minnedagar, og mange kyrkjer er vigde til henne.

Ein annan viktig helgen for heile kyrkja er Sankt Peter, den første paven i kyrkja.

I Sverige er den heilage Birgitta og Ansgar dei fremste helgenane.

I Noreg har den katolske tradisjonen sju helgenar:

  • Den heilage Olav
  • Den heilage Sunniva
  • Den heilage Hallvard
  • Den heilage Eystein av Nidaros
  • Den heilage Magnus Orknøyjarl
  • Den heilage Torfinn av Hamar
  • Den heilage Ragnvald Orknøyjarl


I tillegg kan vi rekne med Håkon V, som truleg vart rekna som heilag fram til Reformasjonen, men som aldri vart formelt heilagkåra. Skikken i Den katolske kyrkja er likevel at dersom det finst ein gammal helgenkult, kan ein person verte æra som helgen òg utan heilagkåring. Dei siste åra har han difor blitt teken med i liturgien i katolske messer i Akershus slottskyrkje, som er gravkyrkja hans.

[endre] Kjelder:

[endre] Andre nettlenkjer:


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -