Heilo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heilo |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Systematikk | ||||||||||||||
|
Heilo (Pluvialis apricaria) er ein art frå lofamilien.
Innhaldsliste |
[endre] Kjenneteikn
Heiloen har ei gulspetta overside og kvite armholer. Om sommaren har han eit svart felt frå nebbet og nedover med beina. Dei er omlag 200 gram og 27 cm. Fuglen har ein slank kroppsfasong og lange vadeføter. Sammenlikna med andre vadefuglar har den kort nebb.
[endre] Forplanting
Heiloen hekkar helst i høgtliggande strok på opne områder i vier- og bjørkebeltet, i kyststrok på lynghei. Reiret er eit søkk i bakken, kledt med gras. Båe kjøn tar del i ruginga. Egga klekkjer etter om lag 30 dagar.
[endre] Forvekslingsart
Heiloen kan forvekslast med tundralo. Tundraloen har gråkvite flekkar på oversida og svartbrune akselfjør på undersida av vengjefestet underside. Tundraloen hekkar ikkje i Noreg, men er å sjå langs kysten under trekket.
[endre] Åtferd
Utover hausten samlar heiloen seg i flokkar. Dei trekker so sørover for overvintring. I sommarhalvåret har ho ein kjent lokketone (fonetisk: tlyy). Han livnærer seg på mark, insekt og biller, i tilleg til litt bær og frø.
[endre] Utbreiing
Heiloen er å finna over heile landet og har ein bestand på omlag 130000 par. Fuglen er delvis jaktbar.