Hamnvik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plassering | ||
---|---|---|
|
||
Ibestad i Troms | ||
Geografi |
|
|
Folketal[1] | 444 (2008) | |
Folketettleik | 548,1 /km² | |
Areal[1] | 0,81 km² | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Annan informasjon | ||
Ferdselsårer | 848 Fv 131 | |
Postnummer | 9450 HAMNVIK | |
Preposisjon | i Hamnvik |
Hamnvik er kommunesenteret i Ibestad kommune i Troms. Tettstaden ligg på søraustenden av øya Rolla, ved sundet Bygda.
I Hamnvik er det servicefunksjonar og administative funksjonar som kommuneadministrasjon, lensmannskontor, lækjar, sjukeheim, kyrkje og prest, barneskule, ungdomsskule, matbutikkar, sportsbutikk, elektrisk forretning, blomebutikk og jarnvarehandel.
Staden har undersjøisk vegsamband til Andørja via Ibestadtunnelen på riksveg 848. Frå Hamnvik går riksvegen sørover langs kysten av Rolla til Sørrollnes, der vegen fortset med ferje over fjorden til Harstad. Mellom Nordrollnes og Hamnvik går fylkesveg 131.
Namnet Hamnvik skriv seg frå ei vik litt sørom det som idag er tettstaden. I denne vika etablerte Jens Bing Dons ein handelsstad på slutten av 1700-talet. Handelsstaden er idag nedlagd. Han har vore i eiga til familien fram til i dag og er eit godt bevart døme på ein tradisjonell nordnorsk handelsstad.
SSB kallar staden Ibestad i sine tettstadoversikter.
[endre] Bakgrunnsstoff
- ↑ 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2008.
- Denne artikkelen bygger på «Hamnvik» frå Wikipedia på bokmål, den 6. april 2008.